Hopp til hovedinnhold

Kvalitetssystem - Personalpolitiske retningslinjer ved permisjon og sykdom

Utfyllande kommentarar til statens personalhåndbok (sph)

Siktemål

Siktemålet med dette rundskrivet er å gi alle tilsette ei kortfatta innføring i det vi meiner er dei viktigaste retningslinjene på det personalpolitiske området. Kall det gjerne ei folkeutgåve av Statens Personalhåndbok.

I tillegg ynskjer vi å nemne litt om rutinar.

Innleiing

Når ein skal starte opp arbeidet med ei slik folkeutgåve står ein ovanfor eit dilemma:

Dersom dette skal vere så omfattande at det dekkjer alle tilfelle, vil det bety ein trykksak på mange hundre sider. Ei slik trykksak vil vere alt for omfattande til at folk ville setje seg inn i det som står der.

Men ved å vere så kortfatta som vi er her, så vil mange føresetnader, nyansar, unntak, modifikasjonar osv. som vil kunne vere heilt avgjerande for eit vedtak, ikkje bli nemnt.

Det er og eit problem knytt til det å nedfelle eit regelverk, at mesteparten er heimla i statlege lover og avtalar som er i stadig endring. Vi har difor i mange tilfelle vist til det lov- og regelverk som det som står her byggjer på. På heimesidene våre er det og lagt ut ein del informasjon og skjema som ein kan nytte i somme samanhengar som er omtala her.

SAKSBEHANDLINGSREGLAR -SØKNADER

Alle søknader skal sendast til personalansvarleg. For det vitskaplege personalet vil det vere dekanane. Avgjerd i saker der regelverket er heilt eintydig, tar personansvarleg avgjerd med melding til økonomi og personalkontoret. I tvilstilfelle og ved langvarige permisjonar blir søknaden sendt til personalkontoret med tilråding frå personalansvarleg.

 

1 ARBEIDSTID

Den gjennomsnittlege årlege arbeidstida ved HSM er 37,5 pr veke. Men gjennom arbeidsåret varierer den daglege arbeidstida: Frå 15.05 til og med 14.09 arbeider ein frå kl 0800 til kl 1500. For resten av året er den daglege arbeidstida frå kl.0800 til kl 1545. Tida mellom kl 0900 og 1430 er kjernetid og då skal alle normalt vere til stades.

Ved høgskolen er det innført fleksitid for administrasjonen. Det betyr at ein kan arbeide opp til 12 t pr dag og avspasere opparbeidd plusstid etter avtale med nærmaste overordna. Det som er over 45 timar ved utgangen av eit kvartal blir automatisk stroke. Likeeins blir ein dersom ein har meir enn 10 timar i minus blir trekt i lønn.

Tilsette som er delvis sjukmeldte eller går på aktiv sjukmelding har ikkje rett til å opparbeide seg fleksitid utan etter avtale med arbeidsgivar og behandlande lege.

All overtid skal vere pålagt og kan etter hovudtariffavtalen i staten kompenserast på to måtar: Enten ved full utbetaling i samsvar med gjeldande overtidsatsar eller ved at ein får fri tilsvarande dei timane ein har arbeidt og får dessutan utbetalt overtidstillegget.

Hovudregelen er at overtida skal vere i forlenginga av normalarbeidsdagen

Ved fråver i løpet av arbeidsdagen som for eksempel ved legebesøk skal dei som stemplar markere fråveret gjennom stemplingsuret. Dersom ein gløymer å gjere det på førehand kan det gjerast etterpå gjennom å bruke og levere inn skjema til stemplingsansvarleg. Dersom ein har søkt om og fått innvilga permisjon på førehand, for eksempel for å gå i ei gravferd, er det ikkje nødvendig å fylle ut fråversskjemaet. Dersom ein ikkje rekk å søkje før ein blir borte, må ein søkje i etterkant og levere melding.

Alt fråver skal godkjennast av nærmaste overordna. Etter at ein er tilbake leverer ein inn melding. Skjema ligg på våre heimesider under Personalhåndbok - "Fraværsmelding."

Når det gjeld eigenmelding ved eigen og barns sjukdom er det etter at vi vart I/A bedrift komne eigne reglar, skjema og rutinar som er å finne på våre heimesider under "Inkluderende arbeidsliv". 

Det er aksept på at tilsette kan gå til lege, tannlege, kiropraktor og fysioterapeut utan å bli trekt i lønn. Arbeidsgivar har høve til å be om dokumentasjon. Ved høgskolen har ein fylgt den regelen at når ein har rekvisisjon frå lege kan ein stemple ut på " annen permisjon med lønn" for opp til 12 behandlingar.

Personalhandboka rår til at behandlingar ut over 12 gonger skal gå til i frådrag i kvoten for velferdspermisjonen som er 10 dagar pr år med full lønn eller 20 dagar på halv lønn.

Når det gjeld behandling hos " alternative medisinerar" må det søkjast om permisjon med lønn i kvart enkelt tilfelle.

Vi reknar med at dei som er delvis sjukmeldt/har aktiv sjukmelding går til behandling på dei dagane dei ikkje er på arbeid.

 

2 FERIE

Våre ferierettar er regulert i Ferieloven. I mars kvart år sender personalkontoret ut eit rundskriv der rutinane rundt avvikling av årets ferie blir trekt opp.

Utgangspunktet er at alle er pliktig til å ta ferie. Ingen kan såleis velje å ta ferieperioden ut som lønn.

Alle tilsette har rett på 5 vekers ferie. Arbeidstakarar som har fylt 60 år før 1.september i ferieåret, har rett på ei ekstra ferieveke.

Både arbeidsgivar og arbeidstakar kan krevje at hovudferien, som er 3 veker, skal leggjast til hovudferieperioden som er 1. juni -30. september.

Talet på feriedagar med lønn er avhengig av kor mange dagar du var tilsett ved høgskolen året før ferien blir avvikla, eventuelt kor mange feriedagar du har fått overført frå annan statleg arbeidsgivar. Du opparbeider deg rett til 2,08 feriedagar med lønn kvar månad.

Dersom ein ikkje hadde eit tilsetjingsforhold ved høgskolen heile det føregåande året, vil perioden med full løn bli tilsvarande redusert. Det er likevel høve til å krevje full ferie utan lønn. Men ingen er pålagt å ta ut ferie for eit lengre tidsrom enn det ein har opptent rett til ferie med lønn for.

Ver og klar over at dersom du i det føregåande året arbeidde i lågare stillingsprosent enn du gjer i ferieåret, så vil det bety at du ikkje har rett til full lønn i ferien året etter. Typisk tilfelle er ein person som i det føregåande oppteningsåret arbeider i 50 % stilling og går frå årsskiftet opp til full stilling. Ein kan då velje om ein vil ta halv ferie med full lønn eller full ferie med halv lønn.

Økonomi- og personalkontoret må få melding om kva alternativ ein ynskjer.

Ein arbeidstakar kan søkje om å få overført 14 feriedagar til neste ferieår. Melding om dette går ut vanlegvis i november. Det er likeeins høve til å søkje om å ta ut like mange dagar som forskot av neste års ferie som ein i inneverande år har opparbeidd rett til ferie med lønn for. Eksempel: Ved utgangen av mai 2004 har ein opparbeida rett til 11 feriedagar med lønn som ein normalt vil ta ut i 2005. Men ein kan og søkje om å ta dei ut alt i 2004,(i tillegg til dei feriedagane ein har opparbeidd seg rett til i 2003.)

Dersom ein blir sjuk i ferieperioden, og kan leggje fram legeerklæring, kan ein søkje om å få dei dagane ein var sjukmeldt tatt ut som ny ferie. Tidspunktet for avviklinga av denne ferien, må diskuterast med arbeidsgivar på førehand.

Når ein blir sjuk før ferien tar til kan ein søkje om å få utsett ferien til seinare i ferieåret: Vilkåret for å søkje om at ferien blir utsett er at kravet blir sett fram seinast siste arbeidsdag før den planlagde ferien.

Både ved sjukdom før og ved sjukdom under ferien, er det eit krav om at ein er 100 % sjukmeldt og at det blir sett sendt søknad.

Dersom ein sluttar ved høgskolen, men går over til ein annan statleg arbeidsgivar, skal dei feriedagane som er opparbeidde i inneverande år overførast til den nye arbeidsgivaren. Feriedagar som ikkje er tekne ut eller overførte når ein sluttar hos oss, kan og betalast ut som lønn.

I god tid før ferieavviklinga skal det på dei forskjellige arbeidsområda på høgskolen setjast opp ferielister. Alle avvik frå dei oppsette ferieplanane, må godkjennast på førehand av kontorsjef/ mellomleiar.

 

3 LØNN

Lønna skal vere inne på kontoen din den 12 kvar månad.

I heilt spesielle høve kan ein søke om 2 månaders forskott på lønn. Vilkåra er nærmare omtala i SPH. Dei fleste blir trekt 2 % i lønn til Statens Pensjonskasse, sjå og punkt 12. Vi blir og trekte for kr. 200 pr år i til såkalla OU midlar. Som statstilsette har vi ei gruppelivsforsikring som vi blir fordelsskatta for.

 

4 VELFERDSPERMISJONAR.

Velferdspermisjon - generelt

Statlege arbeidsgivarar har høve til å gi velferdspermisjonar med full lønn innafor ei total ramme på 10 arbeidsdagar pr år / ev 20 dagar med halv lønn, når " det foreligger viktige velferdsgrunner"( SPH). Men personalhandboka definerer ikkje kva som er " viktige velferdsgrunner". Høgskolen reknar med at i dei tilfella der begge ektefellane har rett til permisjon så fordeler dei permisjonane på begge sine arbeidsgivarar.

Det vil alltid vere tilfelle der ein har gode grunnar til å ynskje vere borte frå arbeid.

Men det er ikkje arbeidsgivar sitt ansvar alltid å gi permisjon med lønn når ein har ein har behov for å vere borte på grunn av t.d omsorgsoppgåver i nær familie.

Det kan såleis vere gode grunnar til at ein ynskjer å vere med eit 16 år gammalt barn til lege. I utgangspunktet har ein ikkje rett til permisjon med rett til lønn i dette tilfellet.

I slike tilfelle kan ein søkje om "permisjon utan lønn", sjå pkt. 9. Eller bruke av fleksitida eller nytte ein feriedag. Hos oss har vi likevel gjort unntak for tilfelle der det er tale om alvorleg sjukdom.

Nedafor har vi derfor lista opp ein del slike tilfelle der høgskolen gir permisjon med lønn i samsvar med esse retningslinjene:

Tilvenning av barn i barnehage/ hos dagmamma.

Talet på dagar vil vere avhengig av behovet, men vi har ei maksimalgrense på 3 dagar for slike permisjonar. Det er mogeleg å spreie ut dei 3 dagane over fleire dagar.

Følgje barn på skolen

Det blir gitt permisjon ein dag for å kunne vere med barnet første skoledagen.

Konferansetimar

Dersom konferansetimen må leggjast i arbeidstida blir det gitt permisjon med lønn

Dødsfall

Ved dødsfall i nær familie og i enkelte andre tilfelle gir vi etter søknad permisjon med lønn for sjølve gravferdsdagen. I tillegg blir det gitt permisjon for nødvendig reisetid, til saman opp til 3 dagar.

Som nær familie reknar vi ektefelle, barn, barnebarn, foreldre, besteforeldre, søsken, onkel/tante, svigerinne, svoger, svigerforeldre og svigerbarn. Sambuar og sambuars slekt blir likestilt med ektefelle og ektefelles slekt.

Alvorleg sjukdom i nær familie

Ved alvorleg sjukdom hos ektefelle, barn, foreldre, inkludert for å følgje til lege/ sjukehus, blir det gitt permisjon innafor ramma for velferdspermisjon, uavhengig av alder for den hjelpetrengjande. Likeeins kan det bli gitt permisjon i inntil 5 dagar for å gi avlastning til nære pleie- og tilsynstrengjande.

Kurs for funksjonshemma

Det blir gitt permisjon for å delta i spesialkurs for funksjonshemma. Sjå og punkt 7 - siste avsnitt.  

Flytting

Ved flytting gir vi ein permisjon i ein dag. Einslege kan få 2 dagar.

Husbygging

Ein tilsett kan få permisjon i to dagar i samband med bygging av eigen bustad.

Internasjonal krisehjelp

Det kan bli gitt permisjon med lønn for å delta i nasjonale og internasjonale naudhjelpsaksjonar.

 

5 ANDRE PERMISJONAR MED LØNN

Følgje barn til lege/tannlege

Ein kan følgje barn under 12 år til lege/tannlege ved å stemple ut på " annen permisjon med lønn."

Permisjonsrettar for fagorganiserte

Hovudavtalens § 34 slår fast at arbeidsgivar skal ikkje "utan tvingende grunn" nekte tillitsvalde og medlemmer i fagforeiningar tenestefri for å delta i nærmare definerte organisasjonsmessige samanhengar.

Permisjonar for å utføre offentlege verv.

Punkt 12.8.5 i SPH listar opp fleire offentlege verv i kommune- og fylkestingsamanheng som det kan bli gitt permisjon med lønn for å utføre. Eventuelt utbetalt lønn frå politiske styresmakter blir refundert høgskolen. Likeins kan ein få permisjon for delta som lagrettemann, domsmann, skjønnsmann og rettsvitne. Det har og utvikla seg ein praksis med å gi permisjon med lønn for å delta på nominasjonsmøte til Stortings- og fylkestingval.

Personalhandboka listar vidare opp fleire nasjonale og internasjonale hjelpeorganisasjonar / interesse organisasjonar som ein kan få permisjon for å utføre oppdrag for.

Permisjon i samband med tillitsverv i interesseorganisasjonar for funksjonshemma.

Det blir gitt permisjon i inntil 12 dagar i samsvar med dei vilkår som til ei kvar tid er slått fast i Statens Personalhåndbok.

Rett til fri ved pleie av pårørande i heimen

Arbeidstakar som pleiar nære pårørande i heimen i terminalfasen har etter arbeidsmiljølova § 33 B rett til 20 dagar permisjon for pleie av den enkelte pasienten. I slike tilfelle er det nødvendig med legeerklæring.

 

6 RETTAR VED EIGEN SJUKDOM

Generelt

Høgskolen i Molde er frå 01.01.04 såkalla I/A bedrift. Dette medfører både nye rettar og plikter for alle. Informasjon om ordninga er lagt inn på vår heimeside. Der finn ein og ein del av dei skjema som skal nyttast ved sjukdom.

Den viktigaste retten er at alle no kan vere borte totalt 24 kalenderdagar med eigenmelding gjennom ein eittårsperiode. Kvart fråver kan vere på opptil 8 kalenderdagar. Dersom ein

går til lege den 3 dagen ein er sjuk og blir sjukmeldt, brukar ein ikkje av eigenmeldingskvoten. Men ventar ein til fjerde dag så går fråveret på eigenmeldingskvoten.

Det gjeld framleis at delvis sjukemeldte ikkje har rett til å bruke eigenmelding eller opparbeide seg fleksitid utan etter avtale. Ein må ha vore friskmeldt i 16 kalenderdagar før ein har rett til ny eigemelding.

Den viktigaste plikta vi har som tilsette i ei I/A bedrift har, er at vi må vere villige til å gå inn i ein dialog med arbeidsgivar om korleis vi kan nytte den "restarbeidsevna" ein har. Den som har personalansvar har som oppgåve saman med den sjukmeldte å lage ein oppfølgingsplan for sjukmeldingsperiodar som varer ut over 8 veker. Ein slik oppfølgingsplan kan bli kravd lagt fram dersom det blir tale om ulike trygdeytingar.

Alle tilsette, både faste og midlertidige har rett til lønn under sjukdom. Det er ein føresetnad for å få lønn at ein har teke til i stillinga. Ver og klar over at ein ikkje har rette til å nytte eigenmelding før ein har vore tilsett i to månader.

Det er viktig at arbeidstakaren orienterer sin nærmaste overordna og personalkontoret blir når ein er blitt sjuk. Om mogeleg bør ein sei noko om når ein reknar med å vere tilbake.

Det er eit ganske omfattande regelverk på området rettar ved sjukdom, sjå Hovudtariffavtalen § 18. og i kap. 8 Lov om folketrygd. Ver klar over at i somme tilfelle kan det vere at ein ikkje har rettar etter Hovudtariffavtalen, men ein kan ha rett etter Lov om folketrygd eller omvendt.

Meir om arbeidstakars rettar ved eigen sjukdom:

Vi har som hovudregel alle rett på full lønn under i sjukdom i inntil 49 veker og 5 kalenderdagar innafor ein 3 årsperiode. Men ver klår over:

Innafor 3 årsperioden blir alle sjukefråvera som varer ut over arbeidsgivarperioden medrekna dersom det er mindre enn 6 månader mellom dei.

  • Når perioden med rett til sjukepengar tilsvarande full lønn er over, går ein inn i ein 6 månadersperiode med spesielle reglar for retten til sjukepengar og lønn. I dette halvåret har ein rett til å bruke eigemelding og legeerklæring for arbeidsgivarperioden på 16 kalenderdagar. Blir ein sjuk ut over arbeidsgivarperioden så har ein ikkje rett verken til lønn frå arbeidsgivar eller sjukepengar frå trygdekontoret. Når denne 6- månadersperioden med avgrensa rettar er over, har ein igjen fulle rettar til sjukepengar.
  • Etter å ha gått på sjukelønn i 49 veker og 5 kalenderdagar kan ein søkje om uførepensjon frå Statens Pensjonskasse og om stønad frå Folketrygda. Stønadene frå Statens Pensjonskasse og folketrygda blir samordna. Det er personalseksjonen som saman med den sjuke tek kontakt med Statens Pensjonskasse. Det er den sjuke sjølv som har ansvaret for å ivareta sine rettar etter Lov om folketrygd gjennom dialog med trygdekontoret. Det har utvikla seg i staten den praksis at ein får permisjon utan lønn til og med det første året ein mottek uførepensjon/rehabiliteringspengar. Men varer sjukeperioden totalt utover 2 år er det vanleg i staten ein blir sagt opp eller at ein seier opp sjølv.

Ver klar over at det kan vere tilfelle der ein kan ha rett på stønad etter Lov om folketrygd, men ikkje hos arbeidsgivar, f eks når ein må opphalde seg som følgje på sjukehus.

 

7 RETTAR VED BARN OG BARNEPASSARS SJUKDOM

Det er eit ganske omfattande regelverk på dette området. Fullstendig omtale finn vi i § 20 i Hovudtariffavtalen, kap. 9 i Lov om Folketrygd og i arbeidsmiljølova § 33 A: Her er eit utdrag:

Det blir gitt permisjon i inntil 10 dagar ved sjukdom hos barn under 12 år og i 15 dagar dersom arbeidstakaren har 3 eller fleire barn under 12 år.

Er arbeidstakaren aleine om ansvaret har vedkomande rett til 20 ev 30 dagars permisjon.

Dei same reglane gjeld når det er den som har det daglege tilsynet som er sjuk

For foreldre med kronisk sjuke/funksjonshemma eller barn under 18 år med livstruande sjukdom er det utvida rettar til permisjonar som skal gjere det mogeleg for ansvarspersonen å utføre omsorgsfunksjonen. Slike permisjonsrettar kan og nyttast for at foreldra skal kunne vere tilstades ved helseinstitusjonar og spesialkompeetanssenter for å få opplæring.

For å kome inn under desse spesialreglane må saka i ein del tilfelle takast opp med trygdekontoret til førehandsgodkjenning.

 

8 PERMISJONAR OG RETTAR VED SVANGERSKAP, FØDSEL, ADOPSJON OG AMMING.

Regelverket på dette området er ganske omfattande og komplisert og det vi her tek opp er hovudprinsippa. Det fullstendige regelverket er å finne i Lov om folketrygd Kap 14 og §§ 11 og 19 i Hovudtariffavtalen.

Svangerskap og fødsel

For å få rett til fødselspengar må arbeidstakaren ha vore i arbeid minst 6 av dei siste 10 månadane, og hatt ei arbeidsinntekt tilsvarande halvparten av grunnbeløpet i folketrygda.

Etter som fødselspengane skal vere det same beløpet som det ein skal ha i sjukepengar, vil det for dei fleste sitt vedkomande bety at dei har rett på full lønn i fødselspengeperioden som i utgangspunktet er 42 veker. Men ein kan alternativt velje å få 80 % i lønn 52 veker.

Fødselspengar kan tidlegast utbetalast frå 6 veker før fødselen, og seinast frå 3 veker før fødselen. I samband med fødselen har barnefaren rett til 2 vekers omsorgspermisjon. I fall han ikkje gjer seg nytte av denne retten, kan den overførast til ein annan person som har hjelpt mora i svangerskapsperioden.

Det bør og nemnast at i tillegg til omsorgspermisjonen ved fødselen er 4 veker av fødselspengeperioden er reservert for faren. Under bestemte forhold kan moras rettar overtakast av faren. Kva faren får utbetalt er avhengig av mors inntekt/stillingsprosent. Når det gjeld den såkalla fedrekvoten er det ein del reglar og vilkår som personalkontoret kan orientere deg nærmare om. Det same gjeld for spørsmål knytt til tidskonto. 

Adopsjon

Personalpolitiske rettar i samband med permisjon er om lag dei same som dei som gjeld ved fødsel.

Amming

Arbeidstakar som ammar har rett til tenestefri inntil 2 timar pr dag.

Omsorgspermisjon utan lønn.

Alle foreldre har rett på full tenestefri i inntil 3 år utan lønn for å ta seg av barn under 12 år. Likevel slik at dei samla har krav på eit års ulønna permisjon for kvart barn. Berre 2 av desse åra gir ansiennitet i Statens Pensjonskasse. År med delvis permisjon blir i denne samanhengen likestilt med full permisjon.

Dersom ein ynskjer berre delvis pensjon frå stillinga si, skal måten den delvise permisjonen blir tatt ut på, avgjerast i samråd med arbeidsgivar.

 

9 PERMISJONAR UTAN LØNN.

Det vil vere mange tilfelle der det er både nødvendig og ynskjeleg for ein arbeidstakar å vere borte frå arbeide. Men det er ikkje på langt nær slik at ein har ein lovfesta rett til  permisjon med lønn for alle slike tilfelle. Ein av grunnane til at ein har fleksitidsordninga er nettopp at ein skal kunne nytte seg av opparbeidd fleksitid for situasjonar der ikkje har rett til fri med lønn. For meir langvarige fråver kan ein søkje permisjon utan lønn.

Permisjon for å prøve seg i anna arbeid.

Slike søknader blir avgjort av tilsetjingsorganet etter innstilling frå personalansvarleg.

Kvart tilfelle blir vurdert separat og det blir lagt vekt på om det er mogeleg å skaffe vikar eller ordne tenesta på ein annan forsvarleg måte. Eit vedtak om permisjon kan innehalde ei formulering om at vedkomande ikkje nødvendigvis, vil få dei same arbeidsoppgåvene som vedkomande hadde før permisjonen.

Det blir som oftast innvilga permisjon i eit år.

Utdanningspermisjonar.

Det er høve til å søkje om permisjon utan lønn for å ta utdanning. Vanlegvis vil det bli gitt permisjon for eit år. Det vil bli lagt vekt på kva nytte høgskolen vil ha av den utdanninga ein søkjer permisjon for.

Andre permisjonar utan lønn.

Personalhåndboka har lista opp nokre andre tilfelle der ein og kan få permisjon utan lønn som for å følgje ektefelle under u-landsteneste eller for å avtene militær/sivilteneste.

 

10 STØNAD TIL KOMPETANSEBYGGING FOR ADMINISTRATIVT PERSONELL - UTDANNINGSPERMISJON.

For å motivere tilsette i administrasjonen til å styrkje sin kompetanse har HSM laga eit eige rundskriv som trekkjer opp retningslinjene for at ein kan få stønad til utdanning.

Hovudkravet er at den utdanninga ein søkjer stønad til, vil setje den tilsette i stand til å utføre sine noverande eller framtidige arbeidsoppgåver på ein betre måte.

Stønad kan bli gitt både som tid og pengar. Delvis stønad kan og vere aktuelt.

For det vitskapelege personale gjeld det spesielle reglar.

 

11 BISTILLINGAR.

Det vitskapelege personalet har etter søknad høve til ta på seg 20 % stilling ved andre vitskapelege institusjonar. Søknaden skal for professorar avgjerast av styret og av tilsetjingsutvalet for alle andre stillingskategoriar.

 

12 PENSJON - STATENS PENSJONSKASSE

Det er obligatorisk medlemsskap i Statens Pensjonskasse for all tilsette i administrative stillingars som arbeider 14 timar eller meir i veka. For vitskapeleg tilsette er minstegrensa for obligatorisk medlemskap tilsetjing i 35 % stilling.

Ver klar over at medlemskap i Statens Pensjonskasse er meir enn ei stønadsordning ved pensjonering:

Lån

Ein kan søkje om lån til kjøp av bustad eller til refinansiering på vilkår som oftast er betre enn det ein får i vanlege bankar. Lånegrensa er i dag kr 750 000.

Pensjon

Pensjon frå Statens Pensjonskasse kjem som eit tillegg til pensjonen frå Folketrygda, som vanlegvis er uførepensjon eller  alderspensjon. Den endelege pensjonen blir til etter at folketrygda og statspensjonen er samordna etter ganske kompliserte reglar der m a talet på år som medlem i Statens Pensjonskasse har betydning. Andre faktorar som er avgjerande for kor stor pensjonen blir, er lønna på sluttidspunktet for statspensjonsdelen, og dei pensjonspoenga ein har opparbeidd i Folketrygda.

For å få vite nøyaktig kor stor pensjon ein kan rekne med, bør ein ta kontakt med trygdekontoret og be om serviceberekning i god tid før ein ynskjer å gå over på pensjon.

Spørsmål vedrørande pensjon kan ein og ta med opp med personalseksjonen.

Aldersgrense - Pensjonsalder - Avtalefesta pensjon (AFT)

Den generelle aldersgrensa i staten er 70 år og pensjonsalder etter Lov om folketrygd er 67 år.

Det er likevel høve å slutte ved fylte 62 år og ta ut avtale festa pensjon(AFT). Denne pensjonen har ulikt utrekningsgrunnlag avhengig av alder på pensjoneringstidspunktet. For den som er mellom 62 og 65 år det berre dei rettane ein har opparbeidd etter Lov folketrygd som blir lagt til grunn for utrekninga av pensjonen. Etter fylte 65 år blir pensjonen om samordna med pensjon frå Statens Pensjonskasse

AFT kan ein ta ut som 100 % pensjon. Men det er og mogeleg å ta ut den ut i kombinasjon med arbeid i 80 %  eller 60 % stilling.

Pensjonistkurs

Statens Pensjonskasse arrangerer kvart år kurs som gir nyttig informasjon for den som tenkjer å bli snart pensjonist.

Høgskolen i Molde vil etter søknad dekkje utgiftene for dei som vil gjere nytte av eit slikt tilbod.

 

13 DIVERSE

Fristar når tenestemannen seier opp

Vi har ulike fristar avhengig av kor lenge ein har vore tilsett:

Dei 6 første månadane(prøvetida): 3 veker

Dei neste 6 månadane: 1 månad

Etter 1 år: 3 månader

Oppseiingstida er frå dato til dato.

Terminalbriller.

Alle tilsette kan å få utgiftene til terminalbriller refundert på visse vilkår.

Arbeidstøy

Reinhaldarar kan få tilskott til innkjøp av arbeidstøy i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande avtale.

Skade på klede/tap av personlege effektar på tenestereiser

Høgskolen kan, når ein tilsett i oppdrag for høgskolen får personlege gjenstandar skadd eller mister dei, få desse heilt eller delvis dekka. Det er ein at ein først nyttar dei forsikringsordningane som kan kome på tale som frå eit flyselskap for tapt eller øydelagt bagasje.